Sommartrimmen 2023!

Postet av Berit Kvale Lauvhaug den 23. Jun 2023

Sommartrimmen 2023 er godt i gang. Årets turmål er Trugebakk, Skardåsen, Bilehusknatten, Hovsjøen, Svarthamarknatten og Reinehamaren. Nytt av året er at du kan registrere turane dine via appen telltur. 

For å vere med i trekninga av blant anna gåvekort, må vaksne ha besøkt fem turmål og barn (t.o.m. ungdomsskulen) må ha vore på tre valfrie turmål. Du må då skrive namnet ditt i boka på turmålet og på ditt eige turskjema eller du kan registrere turane dine via telltur- appen (då treng du ikkje å levere skjema). Når du har gjennomført turane dine, kan turskjemaet leverast til trimgruppa v/Anita Lyhus eller Berit Kvale Lauvhaug. Det er òg mogeleg å sende det på e-post til anitalyhus@hotmail.com eller berit_lauvhaug@hotmail.com  

Frist for innlevering er 15. Oktober 2023 

God sommar! 😊 

Sommartrimmen 2023.pdf

Skjema sommartrimmen 2023.pdf 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Berit Kvale Lauvhaug